Nissedal kommune

Det gode liv

Barnehage

Barnehage

Førebygging av mobbing

Tidlig innsats

 Miljø

Psykisk helse og livsmeistring

Psykisk helse 

Vaksenrolla

Vaksenrolla

Felleskap

Fellesskap

Kunnskap om barns leik

Barns leik

Medverknad

Medverknad

Nissedal

Det gode liv 

Plan for det gode oppvekstmiljøet i Nissedal 

Barnehagelova og Opplæringslova forpiktar oss til å ha ein plan for korleis vi arbeider med barnehage- og skulemiljø. Vi må synleggjere korleis vi arbeider førebyggande, samtidig som vi må synleggjere korleis vi agerer i einskildsaker, og følgjer opp.

Dette syner vi gjennom denne digitale planen.

Samtidig har vi eit ønskje i eining for oppvekst og kultur om å skape ein plan som gjeld for heile oppveksten til våre barn og unge, både i barnehage og skule, men også på fritid. Denne planen er derfor eit resultat av lang tids samarbeid i heile eining for oppvekst og kultur.

Målgruppa for planen er:

  • Barn og unge

  • Foreldre

  • Leiarar på fritida

  • Tilsette i barnehage og skular

Målet for arbeidet er å oppfylle krava i lovverket for barnehage og skule, ved å ha ei tverrfagleg og systematisk tilnærming for å sikre at våre barn og unge har ein kvardag som fremjar helse, trivsel og læring.