Uavhengig av kor barn veks opp i verda så har dei eit ibuande behov for å leike. Leik handlar om å lære om verden med heile kroppen og integrere erfaringar og gjere dei til ein del av seg sjølv. Personalet må klare å skape inkluderande leikearenaer, der alle barn har moglegheit til å delta. Ta utgangspunkt i det som barnet er interessert i og legge til rette for felles referanserammer. Personalet må gje rom for at barn kan få uttrykke seg på ulike måtar. Barn må få oppleve å vere ein del av felleskapet, den som føler seg sett får ofte lyst til å vere ein del av leiken. Leik er noko av det viktigaste som skjer i barns liv.
Nykelen for god overgang frå barnehage til skule ligg i leiken. Målet må vere å skape forbindelselinjer mellom barnehage og skule, slik at det ikkje bilr overlatt til barnet sjølv å finne vegen i alt det nye det møter. Leiken kan vere sjølve omdreiningspunktet i overgangen.
Dei vaksne bør ha kunnskap om at leik er ein rettigheit barn har. FN`s barnekonvensjon, Artikkel 31: barn har rett til leik, kvile og fritid. At det er barnas eigeninitierte leik me snakkar om – den leiken barna sett i gong, styrar og strukturerar sjølv.
Barn i Nissedal skal oppleve at leiken blir verdsett. Fordi leik er ein av barns måtar og leve på, vere i verden på og barns måte å vere sammen på. Leik er psykisk helsebringande.
Eide – Midtsand N. (2015) Boltrelek og lekeslossing:Større rom i barnehagen og småskolen. KF.