Det gode liv

Tidlig innsats 

Tidlig innsats handler om å gi hjelp så tidlig som mogleg i eit menneskes liv, enten vanskane oppstår i småbarnsalder eller seinere i livet. 

Tidlig innsats skal bidra til å utjevne sosial ulikskap og skape betre moglegheiter i for læring for alle barn i et inkluderande læringsmiljø, Dette bilr det lagt stor vekt på i den norske satsinga på tidleg innsats.  Strategien om å kome tidleg inn vil førebygge slik at ein hindrar mange store utfordringar i unggdomskuleåra.  

Tidleg innsats som verkemiddel skal benyttas i heile utdanningsløpet i barnehage og skule. Forskning viser at tidleg innsats i barnehagen kan minske ulikheiter i barns læringsutbytte og gi bedre læringseffekt i skulen.  

Det handlar om å avdekke og identifisere vanskar så tidleg som mogleg og å setje inn tilstrekkelege tiltak. Eit godt verktøy her er å bruke analysemodellen. Det forutsett eit godt samarbeid mellom ulike innstansar og heimen.  

Det er viktig at barnehage og skule er spesielt observante i høve til barn som er særleg sårbare. Alle kan oppleve å vere sårbare i løpet av livet. Nokre barn kan likevel vere meir utsatt enn andre. Det vil vere: 

  • Religion, seksuelle orientering, kjønnsuttrykk 

  • Funksjonsevne 

  • Åtferds-, emosjonelle- og sosiale vanskar 

  • Familie- og heimesituasjon 

  • Utsett for krenkingar gjentatte gonger 

Barnehage og skule har eit skjerpa ansvar for å følge med og fange opp desse barna. 

Det må heile tida arbeidast mot at barn i Nissedal skal tidlegfangast opp for å få hjelp, ogat tiltaka som blir iverksett blir følgt opptilstrekkeleg. 

LITTERATUR: 

Bjørnsrud & Nilsen 2012b; St. meld nr. 16 (2006/2007) 

St. meld 16 2006-2007; NOU 2009:10, Mogstad og Rege 2009/2010