Livsmeistring dreier seg om å kunne forstå og å kunne påverke faktorar som har betydning for meistring av eige liv. Livsmeistring skal bidra til at barna lærer å håndtere medgang og motgang, og personlege og praktiske utfordringar på ein god måte. I barne- og ungdomsåra er utvikling av eit positivt sjølvbilde og ein trygg identitet avgjerande.
Tema kring livsmeistring er fysisk og psykisk helse, levevanar, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk, og forbruk og personleg økonomi. Verdivalg og kjensla av meining i livet, mellommenneskelige relasjoner, å kunne sette grenser og respektere andres, og å kunne håndtere tankar, kjensler og relasjoner høyrer også heime under dette temaet.
Barn treng å kjenne at dei høyrer til. I praksis handlar det om fleire ting. Blant anna at barn har sin faste plass i garderoben, ved matbordet, i klasserommet, i hylla, det skaper trygghet og forutsigbarhet.
Korleis me har det med kvarandre, korleis me blir møtt i dei ulike relasjonane og korleis me snakkar saman har stor betydning for kvaliteten i dei ulike felleskapa barna er i. Barn treng å lære seg ei rekke sosiale ferdigheiter for å utvikle positive fellesskap og forebygge mobbeatferd. Barnehage og skule bør i samarbeid med heimen, vere trygge læringsarenaer for at barna tilegnar seg slik kompetanse. Noko av dei viktigaste elementa er å øve på empati, sjølvkjensle og problemløysing. Barn som kan vise empati respondrerer omsorgsfullt på andres tankar og kjensler. Barn som er sjølvsikre kan stå opp for seg sjølv og andre på ein rettferdig måte. Barn som kan problemløysing veit korleis dei kan analysere og løyse konfliktar på gode måtar.
Å kjenne seg selv og akseptere eigne opplevingar og kjensler er viktige forutsetningar for å vere glad i seg sjølv og å kunne uttrykke eigne behov. Det å kjenne seg sjølv og forstå andre er ein viktig forutsetning for å leve godt saman med andre i eit fellesskap. Eit godt utgangspunkt for dette er at barn er omgitt av trygge vaksne. Vaksne som bidreg til å sette ord på og dermed sortere og regulere barns kjenslemessige opplevingar. At barn har trygge vaksne kring seg som dei kan søke når dei treng det, både når dei er trygge og utrygge er viktig, når ein jobbar med eit livsmeistrande miljø i barnehage og skule.
Målet er at barna i Nissedal skal ha med seg ein god “bagasje” når dei reiser frå barnehage og skule, slik at dei står godt nok rusta til å tenkje: “Dette skal gå bra, dette skal eg få til” (Hedvig Montgommery) og; “eg er bra nok og eg passar inn”.
Idsøe E C, Roland P. (2017) Mobbeatferd i barnehagen: Temaforståelse- forebygging – tiltak. Cappelen Damm Akademisk
Lund I.