Det gode liv

Vaksenrolla

Alle vaksne som arbeider med barn skal vere profesjonelle i jobben sin.

Ingrid Lund (2017) referer til ulike type kunnskap, og den forskningsbaserte kunnskapen er å foretrekke. Altså dei vaksne må halde seg til og benytte seg av forskning om kva som er ei god vaksenrolle.

Det betyr at dei vaksne må inneha kunnskap og kompetanse om kva som skapar inkluderande og gode psykososiale miljø for barna våre. Haldningane ligg til grunn for alle dei handlingane vi gjer. Kunnskapen påverkar dei haldningane og handlingane vi gjør i møte med barn, i samtalane og i den atferda vi viser i lærarrolla.

Ingrid Lund (2017) har illustrert den vaksnesrelasjonskompetanse slik:

 

 

I dag snakkar ny forskning mykje om sensitive vaksne og den autorativ vaksenrolle.

Sensetive vaksne er tilstedeverande og fangar opp signal i barnegruppa. Slike signal kan vere både verbale og nonverbale. For å fange opp slike signal må dei vaksne vere tett på barna i dei daglege situasjonane og spesielt nå me tenkjer på leik og aktivitetar.

Den autoritative vaksenrolla betyr på at dei vaksne viser varme og omsorg overfor barnet, samtidig som dei er tydelege. Dei vaksne arbeider bevisst med å utvikle gode relasjonar til barnet og viser ein aksepterande haldning. Autoritativ vaksenstil påvirkar barn generelt i en positiv retning.

Barn i Nissedal kommune skal møte vaksne som er autorative og sensitive. Barna i Nissedal kommune skal møte vaksne som liker dei.


LITTERATUR:

Ingrid Lund; 14.06.2017, Bedre skole 1/2017