Det gode liv

Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein tilsett i barnehage eller skule krenker barn/elevar

Barnehagelova og Opplæringslova inneheld bestemmingar om skjerpa aktivitetsplikt dersom ein vaksen krenkjar. Aktivitetsplikta er ein personleg plikt for alle som er tilsett i, eller har delar av arbeidsdagen sin ved, ein barnehage eller skule:

Barnehagelova § 43.Skjerpet aktivitetsplikt dersom en som arbeider i barnehagen, krenker et barn 

Dersom en som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at en annen som arbeider i barnehagen, krenker et barn med for eksempel utestenging, mobbing, vold, diskriminering eller trakassering, skal vedkommende straks melde fra til barnehagens styrer. Styreren skal melde fra til barnehageeieren. 

Dersom en som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at styreren i barnehagen krenker et barn med for eksempel utestenging, mobbing, vold, diskriminering eller trakassering, skal vedkommende melde fra til barnehageeieren direkte. 

Undersøkelser og tiltak etter § 42 tredje og fjerde ledd skal iverksettes straks. 

Opplæringslova § 9 A-5. Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev 

Dersom ein som arbeider på skulen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, utsetein elev for krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, skal vedkommande straks varsle rektor. Rektor skal varsle skuleeigaren. Dersom det er ein i leiinga ved skolen som står bak krenkinga, skal skoleeigaren varslast direkte av den som fekk mistanke om eller kjennskap til krenkinga. Undersøking og tiltak etter § 9 A-4 tredje og fjerde ledd skal setjast i verk straks.  

Elevundersøkinga i 2019 syner at 1,6 % av norske elevar svarer at dei blir mobba av einvaksen på skulen. Dette er ikkjenokoein kan akseptere, og er eitgrovtbrot på tillitten som barn og unge, deira foreldre og samfunnet skal ha til oppvekstinstitusjonane våre.

Opplæringslova og barnehagelova pålegg skulen ei skjerpa aktivitetsplikt ved mistanke om at tilsette ved skulen utsetter ein elev for krenkingar. Aktivitetsplikta er personleg, og gjeld alle som arbeider i eller ved barnehagen og skulen. Denne plikta er omfatta av straffeansvar.

Dette inneber at ein også må tørre å følgje med på sine kollegaer og melde straksfrå til rektor dersom ein meiner at nokon har eiåtferd som kan bli opplevd som krenkjande mot elevar. Dette gjeld uavhengig av om det er ein svært god og nær kollega.  

Ordet straksinneber at desse sakene skal bli prioritert, og det er ikkje rom for å vente og sjå om situasjonen endrar/betrar seg av seg sjølv undervegs.

Kva er den juridiske forståinga av ei krenking?  

Ordlyden i lovverket:

"krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering" - dett inneber altså ein viss alvorlighetsgrad.

Forarbeidene til lova seier at ein skal ha ei vid tolking. Dette omfattar både negative handlingar og verbale uttrykk mot eleven og indirekte krenkingar som utestenging, isolering, blikking og baksnakking.

Likevel er det tydeleg at ein ikkje skal forstå ein kvar kritisk ytring eller usemje som krenking.

At ein elev blir lei seg av ein dårlegare vurdering/karakter enn venta, er vanlegvis ikkje å rekne som ei krenking frå læraren sin side. Men dersom læraren vel å ikkje følgje retningslinene og vel å gje eleven ein dårlegare vurdering enn eleven har gjort seg fortent til, vil dette kunne vere ei krenking. Dette gjeld særleg dersom læraren sine handlingar er for å straffe eleven, eller fordi læraren ikkje liker eleven, eller uttrykk for diskriminering.


NOU 2019 nr. 23 om ny opplæringslov: Krenkingsbegrepet er objektivt. Det må bero på ein heilskapeleg vurdering på om noko er ein krenking. Det er ikkje eleven si subjektive meining aleine som avgjer. Utvalet understreker likevel at eleven si subjektive vurdering alltid utløyser aktivitetsplikta. Altså har skulen plikt til å undersøke, og sette inn tiltak som gjer at eleven ar det trygt og godt på skulen. Det skal vere ein LÅG TERSKEL for saker som skal undersøkes.

Målet er å få ei god oversikt og få saka så godt opplyst som mogleg, for å finne dei rette tiltaka.

Undersøking:

Opplæringslova seier: Alle involverte elevar har rett til å sei si meining, både den som opplever seg krenka, og den som står bak krenkinga.

Den tilsette sine rettar står ikkje omtalt i barnehagelova eller opplæringslova. (Sjå eige avsnitt om dei tilsettesinne rettar i slike saker)

MEN, god sakshandsaming og omsynet til sakens opplysning (jf. Forvaltningslova) inneber at også dei tilsette skal få sei si meining.

Tiltak

Skal vere egna til å gje barnet/eleven eit trygt og godt barnehage-/skulemiljø - forskningsbaserte og fagleg vurdering på bakgrunn av undersøkinga.

Sjå Udir.no:

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/tiltak-skolemiljo/ 

(Det er ikkje liknande ressurs ute for barnehage enda. Men ein kan overføre mykjefrå skule til barnehage)

Det er barnehagen/skulen som avgjer kva for tiltak som skal setjast i verk, etter ei fagleg vurdering

Tiltaka skal vere lovlege.