Det gode liv

Aktivitetsplikt 2

Alle som arbeider i eller ved ein barnehage eller skule har ei personleg plikt til å følgje med på det som skjer og gripe inn dersom dei ser krenkingar som t.d. mobbing. Dette gjeld alle som arbeider direkte med barn og unge, men også andre som har delar av arbeidsdagen sin i barnehage og skule, som vaktmeistar, reinhaldar, skulehelsetenesta, merkantile ressursar, osv.  

Gode rutiner for observasjon er viktig, særleg i overgangssituasjonar, ved fri leik og i friminutt.  

Dersom du som tilsett i barnehage eller skule høyrer til dømes hatytringar eller observerer mer indirekte krenkingar som utestenging, isolering og baksnakking, skal du gripe inn umiddelbart og stoppe situasjonen. Det kan til dømes dreie seg om å stanse ein slåsskamp eller anna fysisk krenking, om å stanse ein utfrysningssituasjon eller stanse og irettesette barn og unge som kallar andre stygge ting. Plikta til å gripe inn er avgrensa til inngrep som er moglege å gjennomføre. Det betyr at ein ikkje skal stå i fare for å skade seg sjølv eller krenke nokon av elevane for å stanse situasjonen, med mindre det er nødrett eller nødverge.   

Ikkje alle kritiske utsegn og usemjeer krenkingar.Kva som er ei krenking skal tolkas vidt, men ikkje slik at alle kritiske utsegn eller all usemje er krenkingar. Skulen har også eioppgåve i å lære elevar å tenkje kritisk og å respektere andresinemeningar og overtydingar.  

Alle tilsette må varsle styrar eller rektor dersom dei ser, eller mistenkar at eit barn eller ein elev ikkje har eit trygt og godt barnehage- eller skulemiljø. I alvorlege tilfelle, skal styrar eller rektor varsle einingsleiar.  

Dersom det er ein tilsett som krenker barn og unge, skal styrar eller rektor også varsle einingsleiar. Dersom det er ein i barnehage- eller skuleleiinga som krenker, skal den tilsette varsle einingsleiar direkte.  

Dersom eit barn eller ein elev, eller foreldre til denne, seier at den ikkje har det det bra, må barnehagen eller skulen alltid undersøke kva som har skjedd.  

Frå barnehagen eller skulen får kjennskap til at eit barn/elev ikkje har det bra, er det ein frist på 5 arbeidsdagar på å sette i gang undersøking.  

 


Prop. 57L (2016-2017) seier dette om skulen sin plikt til å sette inn tiltak i kap. 5.5.2.5: 

(Vi går ut frå at ein legger det same til grunn for aktivitetsplikt i barnehagen etter nytt kapittel VIII i Barnehagelova frå 01.01.2021) 

At plikten til å sette inn tiltak utløses av at en elev ikke har et trygt og godt skolemiljø, innebærer at plikten løper så lenge en elev ikke opplever at skolemiljøet er trygt og godt og det finnes egnede tiltak som kan settes inn. En praktisk konsekvens av dette er at skolen stadig må evaluere tiltakene som er satt inn. Dersom tiltakene ikke har oppnådd formålet, må skolen fortsette arbeidet og vurdere om tiltaksperioden skal forlenges eller om det skal settes inn flere eller andre tiltak. For å nå formålet om reelt sett å sikre elevenes rett, innebærer plikten til å sette inn tiltak derfor også plikt til å følge opp tiltakene, evaluere virkningen og eventuelt legge til eller endre tiltak dersom det er nødvendig. 

Skolens plikt til å sette inn tiltak gjelder uavhengig av hva som er årsaken til at eleven ikke oppleves å ha et trygt og godt skolemiljø. Skolen skal dermed sette inn tiltak også dersom mobbing eller hendelser på fritiden gjør at en elev ikke har det trygt og godt på skolen. Departementet vil likevel understreke at skolen ikke har ansvar for å løse problemer og utfordrende situasjoner i elevens fritid og hjemmesituasjon. Skolen skal derimot gjøre det den kan, med de tiltak som er tilgjengelig for skolen, for å hjelpe eleven. I mange tilfeller vil tiltak rettet mot skolesituasjonen ha effekt også på forhold utenfor skolen. I andre tilfeller eller i tillegg kan det være nødvendig å opprette kontakt med andre instanser som kan bidra.