Nissedal studiesenter

Målgrupper


Regjeringa legg til rette for desentralisert utdanning, der ein kan ta utdanning i distrikta gjennom lokale og digitale løysningar, samarbeid og tilrettelegging.   

Nissedal studiesenter er det fyrste studiesenteret i Vestfold og Telemark, og held til i Treungen i Nissedal kommune, og vil gje eit tilbod til innbyggarar i området som ikkje har høve til å flytte eller pendle, for å få seg utdanning.   

Målet er å bli eit synleg senter for regionen, som kan hjelpe innbyggarane å ta utdanning på vidaregåande eller høgskulenivå. 

Målgrupper:

Hovudmålgruppene er:

  • Ungdom som av ulike grunnar står i fare for å ikkje fullføre vidaregåande skule.

  • Flyktningar som treng kompetanse for å vere betre rusta til å gå ut i arbeidslivet.

  • Vaksne som grunna livssituasjon ikkje kan flytte eller pendle for å kome seg regelmessig til ein studiestad.

  • Alle som treng å styrke kompetanse, og ser ein moglegheit gjennom internett.

  • Privatistar som treng rettleiing.