Det gode liv

Korleis skape ein skule der alle kjenner seg trygge?


Hausten 2017 blei det innført ein ny paragraf i opplæringslova som har til hensikt å førebygge mobbing og trakassering, slik at den norske skulen skulle bli ein trygg stad å vere for alle elevar. Både før lova trådte i kraft og i etterkant har det blitt diskutert mykje kva ein slik lov omfattar, og korleis skulane skal klare å følge den opp i praksis.

Dei lokale forholda ved kvar enkelt skule og i klasserommet står sentralt for at elevane skal kjenne seg trygge. Til tross for at lovendringen skal redusere mobbing, og auke trivsel, finnes det i dag hensyn som skuleeigar og lærarar må være klar over når dei skal skape rammer for eit trygt skulemiljø. Dette er forhold som verken skoleeigar eller lærar kan stoppe eller bremse. Det handler om ei aukande nyliberalisme i samfunnet, eit permanent multikulturelt samfunn og ein digital kvardag. Alle disse tre faktorene vil påvirke kva som skjer på skulen og i skulemiljøet. (Imsen 2009) Disse tre faktorane vil kunne vere ein konstant trussel for skulemiljøene og gje grobunn for mobbing og trakassering, og noko som skule- og barnehageeigar og tilsette må vere klar over når dei utarbeider planar og tiltak for å unngå mobbbing i skulen. Samstundes kan alle tre faktorane sjåast på som fruktbare for skulene, viss ein er førebudd og nyttar dei som ressursser, noko vi skal sjå meir på under.

Lov in nulltoleranse

Ei viktig endring i opplæringslove (kap 9A) er at det noe er lovfesta krav til nulltoleranse for mobbing og trakassering. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vold, diskriminering og trakassering. Elevane har no ein individuell rett til eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremme helse, miljø og tryggleik i møte med elevane, slik at krava i kapittel 9A blir oppfylt. Loven om nulltoleranse for mobbing blei i stor grad innført for å tydeliggjere temaet og stadfeste at mobbing ikkje er akseptabelt. Ein hadde før dette allereie ein lov i opplæringslova som skulle sikre eit godt psykososialt miljø. Denne loven er ganske klar på at skulen skal ivareta eit godt psykososialt miljø, og har både undersøkingsplikt og handlingsplikt. Det som er nytt i lova er at reglane no er utvida til å gjelde i leksehjelpsordningar og i skulefritidsordningar. Det rettslege er slik sett klart. Det er den enkelte elev si kjennsle som skal være utslagsgjevande. Og skulen har plikt til å handle. Det var større rom for skjønnsvurderinger i den tidligere lova, om kva som er mobbing. Dette er no tydelegare definert i den nye, der ein omtalar krenking, vold, diskriminering og trakassering.

Den nye lova har gjort det tydeleg at skulen har ansvar for å undersøke og sette i gang tiltak, samt å rapportere korleis slikt blir fylg opp.

Forskning viser at planane skulane har hatt om førebygging og oppfølging er varierende og i stor grad tilfeldig og begrensa. En del av tiltaka kan ein knytte til «brannslokking», altså tiltak som ein nytter etter at noko har skjedd. Forskninga syner og at mykje av oppfølginga blir lagt på PP-tenesta eller helsesjukepleiar. Det som ifølge forskninga skal ha hatt størst effekt, var dei skulene som deltok i større programmer som ZERO, Steg for steg og VIP. Alle disse hadde verktøy for å regulere arbeidet i skulen gjennom systematisk og langsiktig arbeid. (Andenæs og Møller. 2016) I Nissedalsskulen har ein tatt i bruk programmet «Inkluderande skule- og barnehagemiljø» sida 2017, med gode resultat. Og sjølv om prosjektperioden var over i desember 2020, har ein i kommunen blitt samd om å halde fram med programmet på eiga hand.

 

Til tross for at det kjem lovar og ulike program for dei kommunale avdelingane for å førebygge mobbing, er det viktig å vere klar over andre utanforståande krefter i eit samfunn. Haldningar og verdiar til menneskene rundt elevane vil skape situasjonar og påvirker elevane sine haldningar og framferd.

Det er ei aukande grad av nyliberalisme i heile verda, som skaper nye situasjonar. Samstundes er dei fleste land i Europa i dag prega av å vere multikulturelle samfunn, og lite tyder på at dette vil endre seg i de nærmaste åra fordi handel, utdanning, jobbmarknad og flyktningestraumar vil halde fram. Dette skjer samstundes som den digitale revolusjonen er på full fart inn over heile verden, og ein kjenner ikkje omfanget. Alle disse tre faktorane vil påvirke politikk, samfunn og pedagogikk, som ikkje kan rivast laust frå kverandre (Imsen, 2009).

Om nyliberalisme

Liberalisme har stått sterkt i USA i flere generasjoner, medan den i Europa har variert frå tid til anna frå stat til stat, og blei påverka i stor grad av 2. verdskrig og den kalde krigen. Store deler av Europa har sida andre verdsskrig blitt leia av sosialistiske eller sosialdemokratiske parti, medan ein har fått ei oppblomstring av ei rekke populistiske partier på begge sider av den tradisjonelle høyre-venstreaksen dei siste 20 åra. Liberalistiske parti har fått ein ny vår på 2000-tallet, både dei som held fast på tradisjonelle liberalistiske idear, men og partier som i stor grad har populistiske og nasjonalistiske meninger.

Liberalisme er nødvendigvis ikkje negativt for skulen. Nyliberale tanker pregar innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 der måloppnåing og innsatsstyrt tankemønster prega oppbygningen av skulen, og der ein la opp til auka konkurranse mellom elevane, skulene og landsdelane, med den trua på at konkurranse er ei drivkraft som auker effekten (Imsen 2009). Liberalisme legg vekt på enkeltindividet si høve og dugleik, og den enkelte elev si rett til å utvikle seg som eit unikt menneske med sjølvstendige valg.

Utfordringa med liberalismen, slik ein har sett i Europa før verdenskrigene og i USA og i Europa i dag, er at enkelte utsatte grupper ikkje har same høve av sosiale eller økonomiske grunnar, noko som har ført til stigmatisering eller utstøyting. Ein ser og at enkelte krefter i samfunnet leitar etter «syndebukkar» som årsak til eit problem, som i nokre tilfelle bli knytta til nasjonalisme, der tanken om vi/vårt blir ei motsetning til du/dykkar.

Sjølv om liberalistiske og framandskeptiske parti har hatt fremgong og makt dei siste 20 åra i Noreg, som har bidratt til å styrke respekten for enkeltindividet, så er stigmatisering, utstøyting og diskriminering framleis eit problem i skulen. Elevar blir mobba fordi dei har ei anna hudfarge, eit handicap, er homofil eller har ulik sosial status enn andre. Kreativiteten for å finne grunnar til krenke andre kjenner mest ingen grenser, men handlar alltid om noko som er annerleies.

Litteraturliste

Alberti- Espenes, J., Jensen Houg, B & Aker Teisberg, K. (2015). En for alle. Oslo: Cappelen Damm Akademiske.

Andenæs, K. & Møller, J. (Red.). (2016). Retten i skolen- mellom pedagogikk, juss og politikk. Oslo: Universitetsforlaget.

Imsen, G. (2009). Pedagogikk henger sammen med politikk. I Bjørnsrud, H., Monsen, L., Nyhus, L. & Aasland, B. (red.). Kvalitet i skolen. Forskning, erfaringer og utvikling. Oslo: Cappelen Akademiske forlag.

Molander, A & Terum L.I. (2013). Profesjonsstudier. Oslo: Universitetsforlaget.

Nordrum, J.-C. (2012). Digital mobbing – noen rettslige spørsmål. I Jakhelln, H. & Welstad, T. (red.). Utdanningsrettslige emner. Artikler med utvalgte tema fra skole- og utdanningsrettens område, s. 379-386. Oslo: Universitetsforlaget

Said. E. (1978). Orientalism. London: Routledge.