Analysemodellen er eit verktøy som skal nyttast i barnehage og skule for å finne den mest hensiktsmessige metoden for å hjelpe eit barn/gruppe med ulike utfordringar. I dette arbeidet er det avgjerande at alle vaksne kring barnet/gruppa samarbeider.
Arbeidet tek utgangspunkt i at all analyse skal vere basert på faktiske observasjonar for å få ei god analyse av situasjonen/utfordringa. Analysa skal ikkje baserast på eigne synsingar.
Det er alltid ei rekke faktorar i miljøet som saman har påverknad på barn og unge si læring og utvikling. Det er derfor i analysemodellen tatt utgangspunkt i 3 ulike perspektiv; kontekstuelt-, aktør- og indivdperspektivet. Utifrå gitte perspektiv vel ein både problemformulering, målformulering og utvikling av strategi og tiltak. Deretter gjennomføring av utvalgte tiltak og til sist evaluering, f.eks er måler oppnådd og er det behov for ny analyse.
Nordahl, 2012