Det gode liv

Samarbeid barn – heim


Setter inn bilde...

 

 

Samarbeid heim og barnehage

  

Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage er nødvendig for barna sin trivsel og utvikling. For å sikre at barna i Nissedal kommune har eit godt oppvekstmiljø, arbeider personalet for eit tett samarbeid med heimane. Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage er eit gjensidig ansvar, det er barnehagen sitt ansvar å leggje til rette for dette samarbeidet.

 

Rammeplanen

Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra. Foreldresamarbeidet skal skje både på individnivå, med foreldra til kvart enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom foreldrerådet og samarbeidsutvalet. På individnivå skal barnehagen leggje til rette for at foreldra og barnehagen med jamne mellomrom kan utveksle observasjonar og vurderingar knytte til helsa, trivselen, erfaringane, utviklinga og læringa til det enkelte barnet. Barnehagen skal grunngi vurderingane sine overfor foreldra og ta omsyn til kva foreldra meiner. Samarbeidet skal sikre at foreldra får medverke til den individuelle tilrettelegginga av tilbodet. Både foreldra og personalet må ta inn over seg at barnehagen har eit samfunnsmandat og eit verdigrunnlag som det er barnehagen si oppgåve å forvalte. Barnehagen må sørge for at barnet ikkje skal komme i lojalitetskonflikt mellom heimen og barnehagen (KD, 2017, s. 2).

  

Barnehagen sikrareit systematisk foreldresamarbeid i Nissedal kommune gjennom:

  • Oppstartsamtale, ca to veker før barnet byrjar

  • Dagleg dialog mellom barnehagen og heim ved henting og levering

  • To foreldresamtaler i barnehageåret, fleire samtaler avtalalast etter behov

  • To foreldremøtei barnehagen i året

  • Foreldrerådsmøte

  • Su-møte

  • Brukarundersøking kvart andre år

Litteraturliste

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver.Udir. https://www.udir.no/globalassets/filer/barnehage/rammeplan/rammeplan-for-barnehagen-bokmal2017.pdf 

 

Foreldreutvalget for barnehager:

Forside - FUB (Foreldreutvalget for barnehager) (fubhg.no) 

Udir:

5. Samarbeid mellom hjem og barnehage (udir.no)