For å stå betre rusta i konfliktar mellom barn, skal vaksne som arbeider med barn i Nissedal kommune, ha kunnskap om konfliktløysningstrategien. Dette er ein strategi som sikrar alle partar i ein konflikt i å bli høyrd og å veretil hjelp med å lage gode løysingar. Itillegg trygge barna til å løyse konfliktar på liknande måte sjølv ved seinare høve.
Slik ser konfliktløysningsstrategien ut:
Kva skjedde? (Kva tenkte du? - Kva følte du?)
Kva for løysing fins?
Vurder løysinga.
Bli einige om ei løysing
Den vaksne som grip inn i konflikten må opptre autoritativt, og utan forutinntatte haldningar. Det er viktig at den vaksne først høyrer på den eine parten i konflikten ( Kva skjedde, kva tenkte du, kva følte du?), Så gje like stort rom til den andre parten i konflikten, med dei same spørsmåla. Deretter høyre medpartane, etter tur, om dei har nokon forslag på løysning. Hjelp barna å vurdere løysinga, og ver bevisst at løysinga er godkjent og god for alle partane i konflikten.
Dette er ein strategi som er like god for små barn som store barn. Det krevs berre at den vaksne tilpassar strategien til barnas språk, mogning og alder.
Plan for heim-skulesamarbeid for Tveit skule/Nissedal ungdomsskule