Leveringsfrist: 06.01.2022
Leverast i Teams
Det blir gitt karakter 1-6, som er ein del av undervegskarakteren
Oppgåve for periode C er som følgjer:
Oppgåve C er todelt.
Ei skriftleg oppgåve som skal vere utgongspunkt for ein munnleg presentasjon. Oppgåvene blir vurdert samla og det blir gjeve ein karakter, som blir ein del av undervegskarakteren.
Skriftleg oppgåve:
Lag eit manuskript for ein munnleg presentasjon. Du skal skrive enkle setningar der du fortel korleis ein feirar jol i Spania. I setningane skal du nytte verba som vi har jobba med i perioden. I tillegg skal du nytte ord og uttrykk frå glosene vi har tatt i bruk i perioden.
Munnleg oppgåve:
Lag ein video der du presenterer så sjølvstendig som mogleg feiring av jol i Spania. Videoen skal vere ca 2-3 minutt.