Få oversikt over følgjande tema:
Kultur:
El "Gordo"(Den store premien)
Noche buena (Jolaften)
Navidad (1. joledag)
Los Santos Inocentes ("Aprilsnarr")
Fin de año (Noche Vieja) (Nyttårsaften)
Año Nuevo (1. Nyttårsdag)
Día de Reyes (Dei vise menn sin dag)
Grammatikk:
Verbet tener (å ha)
Verbet gustar (å like)
Verbet hay (det finst)
Verbet ir (å gå, skulle, måtte)
Uttrykket Desde ...hace (frå og med......til og med)
Fordjupe seg i:
Jol i spansktalande land, og lage eit manuskript og ein munnleg presentasjon.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Språk:
lytte til og forstå enkel og tydeleg tale om personlege og daglegdagse emne
delta i enkle samtalar i daglegdagse situasjonar om aktivitetar og kjende emne
munnleg fortelje om daglegliv og opplevingar og uttrykkje meiningar, òg spontant
lese og forstå tilpassa og enklare autentiske tekstar om personlege og daglegdagse emne
skrive enkle tekstar om daglegliv og opplevingar som fortel, beskriv og informerer, med og utan hjelpemiddel
Kultur:
utforske og beskrive levemåtar, tradisjonar og geografi i område der ein snakkar språket, og sjå samanhengar med eigen bakgrunn
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i framandspråk på nivå I når dei forstår og bruker språket munnleg og skriftleg i daglegdags kommunikasjon om kjende og personlege emne, med og utan hjelpemiddel. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei får anledning til å beskrive og reflektere over språket og over samfunnet og kulturen der ein snakkar språket, om nødvendig òg på norsk.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å ta i bruk varierte strategiar og læringsressursar for å utvikle leseferdigheitene og dei munnlege og skriftlege ferdigheitene til elevane. Elevane skal få oppleve at det å prøve seg fram åleine og saman med andre er ein del av det å lære eit språk. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i framandspråk. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å forstå og gjere seg forstått på framandspråket, munnleg og skriftleg.