Det er vesentleg for å skape inkluderande og gode psykososiale miljø at dei vaksne kring barna jobbar saman, har ei felles forståing og mål for kva dette inneber.
Me veit at det som skjer på dei ulike arenaene barna ferdast påverkar kvarandre i stor grad. Hendingar som skjer i fritida tek barna med seg inn i barnehage/skule og vise versa. Det er derfor av stor betydning at dei vaksne jobbar mot å skape inkluderande miljø. For å få til dette så treng alle vaksne kunnskap og kompetanse om kva som kjenneteiknar eit inkluderande og godt psykososialt miljø.
Barnehage og skule skal vere arenaer som utviklar inkluderande fellesskap som fremjar leik, helse, trivsel og læring for alle. Eit raust og støttande miljø er grunnlaget for ein positiv kultur der barna blir oppmuntra og stimulert til fagleg og sosial utvikling, dvs. at alle barn må bli sett og få moglegheit til å delta påulike sosiale arenaer. Barn må få ei oppleveling av å høyre til og vere ein betydningsfull person i felleskapet og moglegheit til å påverke. Eit systematisk arbeid er avgjerande for å skape eit trygt og inkluderande miljø.
Kjenneteikn på eit inkluderande og godt psykososialt miljø er:
Autoritative vaksne
Kunnskap om sårbare barn
Tidleg innsats
Godt samarbeid barn - heim
Systematisk arbeid – analysemodellen
Psykisk helse og Livsmestring
www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/