Det gode liv

Medverknad 

Barnekonvensjonen artikkel 12 gjev barnet rett til å seie si meining og bli høyrt. Art. 12 skal fremje barnet sitt beste og barnet sitt beste skal normalt ikkje begrense retten til å bli høyrt. Barnekonvensjonen er styrande for barnehage gjennom Lov om barnehage: Kapittel 2 barns- og foreldres medvirkning §3 Barns rett til medvirkning og hensynet til barnets beste. Her stend mellom anna at barna jamleg skal ha høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal kunne erfare og få påverke det som skjer i barnehagen. 
For skulen omtalar Opplæringslova§ 9 A-8 elevdeltaking i arbeidet med skulemiljøet. Her stend mellom anna at elevane skal få ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø.

Eit viktig moment som bør understrekast er at barna sine synspunkt skal tilleggas vekt i samsvar med alder og modning. Barna skal ikkje overlatast eit ansvar dei ikkje er rusta til å ta. I arbeidet med barnas medverkning bør ein og legge vekt på at alle val ein tek får konsekvensar både får ein sjølv og for andre.