Det gode liv

Tilsette sine rettar

Eleven si subjektive oppleving av skulemiljøet er avgjerande for om retten til eit trygt og godt skulemiljø er oppfylt. Samtidig er ein som tilsett i skulen i ein utsett og synleg posisjon. Det er fort gjort å skulde på ein lærar om noko ikkje er som det skal. Fortente tilrettevisingar kan bli snudd på hovudet, til at det er læraren som har gjort noko gale.

Barnehage og skulehar eit todelt ansvar: 

Verne barna/elevane etter Opplæringslovas Kap 9a/Barnehagelova Kap VIII OG Verne tilsette etter Arbeidsmiljølova og andre arbeidsrettslige bestemmingar. Arbeidsgjevar må ha to tankar i hovudet på ein gong. Dei må ivareta begge partar. Vurderingar kan gli over i kvarandre. Dersom ein tilsett har krenka eitbarn eller ein elev, kan det få konsekvensar for arbeidsforholdet til den tilsette. Dette gjeld også i tilfella der ei personalsak har oppstått som følge av ei elevsak etter opplæringslovas kapittel 9A.

Tilsette sin rettsikkerhet 

Arbeidsmiljølova er sidestilt med Barnehagelova og Opplæringslova

 

Barnehagen og skulen sine arbeidsrettslige plikter mot ein tilsett som er anklaga for å ha krenka ein elev:

  • Arbeidsgjevar skal syte for at den tilsette har eit godt arbeidsmiljø, jf-AML §4-3

  • Intergritet og verdighet skal bli teke vare på.

  • Styringsretten skal utøvast på einsakleg og forsvarleg måte

  • Stillingsvernreglane i AML kap 15 skal overhaldast

  • Det må veresakleg begrunna å gjere store endringar i arbeidstilhøvet, som å suspandere eller avslutte eit arbeidsforhold. Det må ligge føre ei objektiv sakleghetsvurdering.

  • Arbeidsgjevarmå følgjedei prosesser og formkrav som framgår av lova for dei ulike sanksjonar

  • Ikkje hoppe bukk over desse viktige prosessene, sjølv om Barnehagelova og Opplæringslova seier "straks", så må ein ha desse to prosessane side om side.

Retten til å fortelje sin versjon (kontradiksjonsprinsippet)

  • Kontradiksjonsprinsippet er einlovsfesta rett

  • Alle som får skuldingar rette mot seg skal få høve til å uttale seg om saka

  • 9A/Kap VIII hindrar ikkje dette!

  • Retten til naudsynt informasjon

  • Ikkje love foreldra eller barnet/eleven anonymitet – det vil gjere prosessen vidare svært vanskeleg 

  • Rett til å la seg bistå av ein tillitsvald eller advokat

Arbeidsrettslege konsekvenser for tilsette:

  • Om og eventuelt kva for konsekvensar kjem an på ei konkret objektiv vurdering 

  • Har krenkinga skjedd? I såfall, kor alvorleg?

  • Undersøkingar, samtalar med barn/elev, tilsett og andre barn/elevar og tilsette

  • Ord mot ord? Her må leiar vurdere troverdigheit

  • Kva framstår som mestsannsynleg etter ei heilskapleg objektiv vurdering

Moglegearbeidsrettslegekonsekvensar for den tilsette:

  • Små eller ingen konsekvensar i det heile tatt

  • Ved t.d. åpenbart grunnlause beskyldingar

  • Kan t.d. flytte ein lærar til ein annan klasse for å verne læraren like mykje som å hindre seinare konfliktar

  • Syte for at arbeidstakaren framleis har eit godt arbeidsmiljø. Tilby samtalar, bistand til å kome seg etter ei vanskeleg sak

  • Advarsel

  • Ulovfesta retningsliner

  • Tilrettevising - formål å rettleie arbeidstakar og klargjere arbeidstakar sine plikter

  • Ordensstraff - formål å pådra arbeidstakarein sanksjon forbrot eller tilsidestilling av plikter. Ordensstraff er eit enkletvedtak etter forvaltningslova og skulen må følge saksbehanslingsreglane der.

  • Oppseiing

  • Krav til sakleg grunnlag – AML § 15-7

  • Vurderingsevne, skikkaheit, mm

  • Krav til drøfting i forkant – AML § 15-1

  • Formkrav – AML § 15-4

  • Oppseiingsfristar – AML § 15-3 og HTA § 3

  • Suspensjon

  • AML § 15-13

  • Arbeidstakar må mellombels fråtre arbeidsforholdet medan saka blir undersøkt

  • Grunn til å anta at vesentleg forsøming har skjedd

  • Avskjed

  • Arbeidstakar må gå på dagen (ikkje løn eller oppseiingstid frå den dagen)

  • Krav om vesentleg brot på arbeidsavtala

  • Dei mest alvorlege tilfella

Døme frå rettspraksis: 

Lagmannsretten LF-2018 – 84021 

Ein lærar blei sagt opp på grunn av fysisk inngripen mot elevar på 5. trinn

Kommunen tilførte at læraren hadde brote opplæringslova kap 9A

Kommunen synte til desse konkrete episodane der læraren hadde:

  • Slått elev A på rumpa da han låg over vasken og drakk

  • Dytta elev A då han forsøkte å kome seg forbi læraren på gjensitting

  • Løfta elev A over bakken berre ved å halde i eleven sin bukselinning

  • Tatt tak i armen til elev B slik at han fall då han løp etter elev C

  • Irettesett gutar i klassa kollektivt

  • Pålagt ein elev som hadde gløymd gymtøy å bruke klær frå eit skåp med gjengløymde saker

Retten gjekk inn og tok ei grundig vurdering av kvar enkelt hending.

Retten kom til at desse episodene samla sett ikkje gav tilstrekkeleg grunnlag for mistillit til læraren sin vurderingsevne og skikkaheit som lærar.

Retten kom fram til at oppseiinga var usakleg og dermed ugyldig.

Kommunen sin mangelfulle sakshandsaming også var mangelfull.

  • Skulle ha tatt fleire undersøkingar og snakka med fleire elevar og kollegaer

  • Lærarane hadde svært mange skussmål som ein dyktig og samvitsfull lærar

Det er anbefalt å lese gjennom saka og sjå kva for vurderingar lagmannsretten har gjort.