Det gode liv

Digital mobbing

Multikulturelle samfunn og digitale utfordringer

Det fleirkulturelle samfunnet har utviklet seg over hele verda dei siste 30 åra, der menneske frå ulike verdsdelar med eige språk og bakgrunn har utvandra eller flykta frå krigsherja område. Det handlar om å skaffe seg utdanning og arbeid, vere samman med familie eller flykte frå naturkatastrofer, krig eller undertrykking. Skulen må integrere barn som kjem til landet med stor variasjon i bakgrunn, både sosialt og fagleg. Multikulturelle samfunn har sine utfordringar, men det er likevel liten tvil om at eit mangfold av kultur og skilnadar har positive sider. Forskning viser at det skapar større aksept for kvarandre sin likskap og skiland, samt større respekt for særpreg. Mindre framandfrykt pregar dei samfunna der kulturar får høve til å utviklast over tid. På skular i byane der store deler av klassa kjem frå ulike verdenshjørner vil vennskapsband bli knytt på tvers, og respekt for kvarandre vil være større enn på skuler der det ikkje er nokon frå eit anna land, eller kun nokre få.

I eit multikulturelt samfunn vil skulen samstundes måtte handskas med utfordringar som tilhøyrer eleven si kulturelle bakgrunn og heimearena. Skulen vil kome i etiske dilemma ved at nokre elevar tilhøyrer familiar der tema som kvinnerettar, homofili og seksualitet er tabubelagt og ikke akseptert. Det vil oppstå nye verdikonflikter, som dei ulke komunale arenaene må vere klar over. (Molander og Terum, 2013).

I dag foregår undervisning, lekser, oppgaver, vurderingar og kommunikasjon med elevane og foreldra via digitale plattformer og program. Dette blir stort sett vurdert som positivt. Samstundes har digitale plattformer blitt ein av hovedarenaene for skult mobbing og trakassering. Sosiale medier som Facebook og Snapchat har blitt formidlingspostar for mobbing blant barn og ungdom. Utfordringene er at ein får inntrykk av at «ingen» har kontroll på dei sosiale mediene.

Det finnast fleire lovar som skal hindre at forhold knytt til sosiale medier skal begrensast og er straffbart. Problemet er at det må vere av svært alvorlig karakter for at politiet skal prioritere slike saker. I skulen kan ein med bakgrunn i opplæringslova sitt krav om ordensreglement tilrettelegge noko for at sosiale medier ikkje blir brukt i skuletida Problemet er at mykje av det som formidlast mellom elevane vil aldri bli tatt opp med ein lærar eller foreldra. Ofta handlar det om manglende tillit til lærarane eller frykt for at saka skal eskalere om eleven gjer noko ut av det. Altså at eleven oppnår hevnreaksjoner ved å rapportere. Digital mobbing står no høgt på dagsorden, og det jobbast med tematikken på både nasjonalt og lokalt nivå, og det er no lettare å kunne møte problematikken enn tidlegare. Dette er og eit av satsningsområda for Nissedalskulen. (Alberti-Espenes, Jenssen Houg og Aker Teisberg 2015) (Nordrum 2012).

Litteraturliste

Alberti- Espenes, J., Jensen Houg, B & Aker Teisberg, K. (2015). En for alle. Oslo: Cappelen Damm Akademiske.

Andenæs, K. & Møller, J. (Red.). (2016). Retten i skolen- mellom pedagogikk, juss og politikk. Oslo: Universitetsforlaget.

Imsen, G. (2009). Pedagogikk henger sammen med politikk. I Bjørnsrud, H., Monsen, L., Nyhus, L. & Aasland, B. (red.). Kvalitet i skolen. Forskning, erfaringer og utvikling. Oslo: Cappelen Akademiske forlag.

Molander, A & Terum L.I. (2013). Profesjonsstudier. Oslo: Universitetsforlaget.

Nordrum, J.-C. (2012). Digital mobbing – noen rettslige spørsmål. I Jakhelln, H. & Welstad, T. (red.). Utdanningsrettslige emner. Artikler med utvalgte tema fra skole- og utdanningsrettens område, s. 379-386. Oslo: Universitetsforlaget

Said. E. (1978). Orientalism. London: Routledge.