Nissedal

Det gode liv 

Plan for det gode oppvekstmiljøet i Nissedal 


Barnehagelova og Opplæringslova forpiktar oss til å ha ein plan for korleis vi arbeider med barnehage- og skulemiljø. Vi må synleggjere korleis vi arbeider førebyggande, samtidig som vi må synleggjere korleis vi agerer i einskildsaker, og følgjer opp.

Dette syner vi gjennom denne digitale planen.

Samtidig har vi eit ønskje i eining for oppvekst og kultur om å skape ein plan som gjeld for heile oppveksten til våre barn og unge, både i barnehage og skule, men også på fritid. Denne planen er derfor eit resultat av lang tids samarbeid i heile eining for oppvekst og kultur.


Målgruppa for planen er:

  • Barn og unge

  • Foreldre

  • Leiarar på fritida

  • Tilsette i barnehage og skular

Målet for arbeidet er å oppfylle krava i lovverket for barnehage og skule, ved å ha ei tverrfagleg og systematisk tilnærming for å sikre at våre barn og unge har ein kvardag som fremjar helse, trivsel og læring.