Nissedal studiesenter

Nissedal studiesenter tilbyr

Nissedal studiesenter tilbyr:

  • Gode og moderne utstyrte studierom med tilgang døgre rundt for elevar og studentar.

  • Rettleiing, lærestøtte og noko undervisning for elevar på vidaregåande nivå (vgs).

  • Rådgjeving og hjelp med opptaksprosedyrer til ulike studie, både for vidaregåande skule og høgskule.

  • Eksamenshjelp og gjennomføring av eksamen.

  • Rettleiing for privatistar til vidaregåande fag.  


Vidaregåande skule og fagbrev:

I framtida ønskjer vi å tilby eigne desentraliserte studieplassar innan høgskulefag, i samarbeid med universitet og høgskule.

Nissedal studiesenter vil ha båe fleksibel oppfølging og nokre faste kveldar med lærar og rådgievar. Vi samarbeider med Kompetansepilot i Vestfold og Telemark, og gjennom dette samarbeidet vil vi tilby alle former for desentralisert opplæring.

Vi tilrettelegg og for eit tilbod til elever og privatistar som tek fag i vidaregåande skule eller tek fagbrev.

Nissedal studiesenter tek imot elevar som manglar fag frå videregåande opplæring og/eller som vil ta fagbrev i ei studieretning eleven allereie har eit praksis- eller arbeidsforhold innan. Vi  kan rettleie elevar til å ta privatisteksamen, og tilbyr elevar å gjennomføre eksamen ved senteret og/eller samarbeide med andre vidaregåande skular om gjennomføring.

Høgare utdanning:

Studiesenteret kan og legge til rette for at studentar kan ta høgare utdanning ved universitet eller høgskule. 

Vi har etablert samarbeid med med ulike instansar, som ein kan lese meir om under "Samarbeidspartnarar" 

Viss du ønskjer å ta høgare studie "heimefrå", kan du kontakte oss for rettleiing og støtte i søknadsprossessar.