Nissedal studiesenter

Samarbeidspartnarar


Nissedal studiesenter jobbar mot å kunne tilby eigne studieplassar i samarbeid med universitetet. Frå haust 2024 vil ein kunne tilby profesjonsstudie innan sjukepleie, vernepleie og barnehagelærar. Dette gjeld desentraliserte studie som kan kombinerast med jobb, der ein i liten grad skal trenge å reise til studiestaden.

Nissedal studiesenter samarbeider med ei rekka instanser innan skule og utdanning lokalt og nasjonalt. Dømer på samarbeidspartnarar er: 

  • Kompetansepilot (Vestfold og Telemark fylkeskommune) 

  • Notodden Ressurssenter

  • Høyskolen Kristiania 

  • Fagskolen i Vestfold og Telemark 

  • Noroff

Du kan klikke på kvar overskrift for å lese meir om kvar samarbeidspartnar.

Kompetansepilot Vestfold og Telemark fylkeskommunen 

Prosjektet «Kompetansepilot» omfatter 9 kommunar i øvre del av Telemark og tilbyr karriererettleiing. Kravet for å f rettleiing er at ein er over 19 år og busett i fylket. Mange arbeidstakere opplever at arbeidsoppgavene og krav til kompetanse endrer seg over tid. Bedriften må innrette seg i et skiftende marked med nye teknologiske og digitale løsninger.

Svært mange arbeidstakere har behov for ny kompetanse i form av kurs og etterutdanning i løpet av arbeidslivet. Det å ta seg tid til å få faglig påfyll, gir økt kunnskap og kompetanse som kommer både deg og bedriften til gode. 

Notodden Ressurssenter

Notodden ressurssenter har sida 1994 gjeve ulike tilbod knytt til arbeidslivet, i form av kurs eller fag på vidaregåande- eller fagskulenivå.

I 2016 blei senteret slått saman med Nettskolen, og all undervisning i dag er organisert under nettundervisning. Ressurssenteret tilbyr og bedriftsopplæring og gjennomfører kurs for fylkeskommunen. 

Mange elevar gjennomfører si videregåande utdanning ved ressurssenteret.  Senteret kan tilby ulike utdanningsprogram innan:

  • Studiespesialisering innenfor språk, samfunnsfag og økonomi

  • Påbygg til studiekompetanse

  • Studiekompetanse gjennom 23/5 regelen

  • Restopplæring og enkeltfag

Høyskolen Kristiania

Høyskolen Kristiania kan i dag tilby ei rekke ulike utdanningsløp for fagskule, bachelorgrad og mastegrad. Skulen har over 18 000 studentar og har eit stort utdanningstilbod i Oslo, Bergen og på nett, og er difor den største fagskulen i Noreg.

Høyskolen er organisert i fire faglege avdelingar, såkalte Schools:

Fagskolen i Vestfold og Telemark

Fagskolen i Vestfold og Telemark gjev eit tilbod om høgare yrkesfaglege utdanningar innan leiing, helsefag, elektrofag, teknologifag, maritime fag og bygg og anlegg.

Dei samarbeider tett med lokalt arbeidsliv, bransjeorganisasjonar og industrielle nettverk for å sikre at utdanningstilboda er relevante, oppdaterte og i samsvar med kva arbeidslivet treng. Skulen gjev og bransjetilpassa delutdanningar med studiepoeng. 

Skulen tilbyr alt frå komplette fagskuleutdanningar til kortare modulbaserte utdanningar og kurs. 

Noroff

Noroff kan bidra med å gje arbeidstakarar påfyll av relevant fagkunnskap innen ei rekke retningar, og fokuserer på kva som trengs av kunnskap innan yrkeslivet no.

Noroff leverer utdanning tilpassa alle faser av livet, gjennom fleksible utdanningsløp. Det er fokus på digital undervisning, både nettbasert og campusar i Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. 

Dei er ein av dei største fagskulane i landet og  har fleire bachelorstudier med en attraktiv kombinasjon av praktisk og teoretisk kompetanse.