Nissedal kommune

Nissedal studiesenter

Eit desentralisert utdanningssenter

Nissedal studiesenter(NSS) blei formelt opna 12. september 2023, ved ordførar i Nissedal kommune, Halvor Homme, og representantar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune. Mange nissedølar hadde møtt fram til opninga av lokala i næringshagen i Fjonevegen 72. Nissedal studiesenter har allereie teke imot sine fyrste elevar.

Den nye senteret er i all hovudsak finansiert av statlege midlar frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, i tillegg noko støtte frå Fylkeskommunen og Nissedal kommune. Nissedal studiesenter er det fyrste studiesenter i Vestfold og Telemark fylke, og banar såleis vegen for framtida!

Ansvarlege for Nissedal studiesenter: 

Hølje Haugsjå er prosjektleiar, og Marius Vøllestad er rektor og pedagogisk leiar.

Ei styringsgruppe nedsett av kommunedirektøren skal leie senteret framover.